Tenester
Fire måtar vi kan hjelpe deg på
Bløgging på lokalitet, frakt med RSW-kjøling, selektiv sortering og eit døgnbemanna fartøy som stiller på kort varsel. Kvart oppdrag blir dokumentert med tal frå teljar og flowmeter.
Teneste 1
Bløgging på lokalitet
Vi legg til på merdkanten og tek heile jobben om bord: skånsam pumping med Aqualife 120 og avsilar, elbedøving, og manuell bløgging på ei enkel linje med tre spor.
Manuell bløgging er eit medvite val. Handverket gjev jamnare snitt og betre utblødning enn maskin åleine, og med 70–80 fisk i minuttet held vi god flyt utan at det går ut over kvaliteten. Fisketeljaren frå Optimar gjev deg nøyaktige tal for kvart einaste oppdrag.
Teneste 2
Frakt og levering
Etter bløgging går fisken rett i ein av fire RSW-tankar med sirkulasjon og UV-behandla sjøvatn frå Steinsvik. Kjøleanlegget på om lag 170 kW dreg temperaturen raskt ned og held henne stabil heilt fram til mottaket.
Vi lastar opptil 80 tonn konsumfisk. Sirkulasjonspumpa på 390 m³ i timen kan òg brukast til flytande last, om det skal leverast på land eller over i båt.
Teneste 3
Beredskap og oppdrag på kort varsel
MS Vestbjørn er bemanna døgnet rundt, alle dagar. Når noko hastar, anten det er akutt bløggebehov, akutt dødelegheit, flytting eller slep, er vi i gang med ein telefon. Manglar de folk, stiller vi òg med erfarent mannskap til bemanning på anlegget.
Med lågt djupgåande kjem vi fram til plassar andre fartøy ikkje når. Arva frå snurrevadtida gjev god propell og tauekraft på 7–9 tonn, og PMH-krana med 12 meters rekkevidd og capstan på 2 tonn gjer oss nyttige i det meste av arbeid på sjøen.
Teneste 4
Selektiv sortering med KemySplit
Ikkje all fisk i ei merd er klar for slakt samtidig. Med sorteringsmaskina KemySplit delar vi fisken etter storleik: den største fisken går til slakt, medan resten held fram i produksjon og får betre plass til å vekse.
Fisken blir leia rettvendt over mjuke, koniske valsar og er i vatn heile vegen gjennom maskina. Det gjev skånsam sortering med lite stress og få skadar. Opninga mellom valsane blir justert automatisk, så same maskin kan brukast frå smolt til slakt, ved utslakting eller saman med avlusing.
Fortel oss om oppdraget
Ring 932 81 142 eller send nokre linjer om lokalitet, mengd og tidsrom, så svarar vi raskt.