Personvern
Kort fortalt: vi samlar inn så lite som råd, og deler ingenting.
Kva vi samlar inn
Nettsida brukar ikkje informasjonskapslar (cookies) og har ingen sporing eller analyseverktøy. Skrifttypane ligg på same server som nettsida, så ingen tredjepart får vite at du er innom.
Kontaktskjemaet er verna mot spam med Cloudflare Turnstile. Berre når du opnar kontaktsida, sjekkar Cloudflare automatisk at du er eit menneske. Cloudflare ser då IP-adressa di og nokre tekniske opplysningar om nettlesaren, men brukar dei ikkje til sporing eller reklame.
Kontaktskjema og e-post
Sender du oss ei melding gjennom skjemaet, kjem ho til oss på e-post, og ein kopi blir lagra i inntil 90 dagar hos leverandøren av nettsida, Mustvedt Design, så ingen meldingar går tapt. Vi brukar opplysningane berre til å svare deg. Vi deler dei ikkje med andre, og slettar dei når saka er avslutta, med mindre ho fører til eit oppdrag som skal dokumenterast.
Dine rettar
Du kan når som helst be om innsyn i, retting av eller sletting av opplysningar vi har om deg. Ta kontakt med Morten@vestbjorn.no.
Behandlingsansvarleg
Vestbjørn AS, org.nr 929 241 177, Ytre Rabben 3, 5397 Bekkjarvik.